Rutiner for fastsetjing av namn på statsorgan
Alle namn på statlege organ og undereiningar (avdelingar, seksjonar, nemnder og andre) skal vere i samsvar med den offisielle rettskrivinga.
Statsorgan skal ha namn på både bokmål og nynorsk, eller namn som høver på båe skriftspråka.
Namnelaging i staten skal følgje god namneskikk.
Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før eit namn blir vedteke.
Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgana etterlever desse reglane.